Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Biblioteksamarbeid /

Korleis organisere Nynorske lesefrø

Nettverksgruppe og leiing

I Nynorske lesefrø er samarbeid mellom ein bibliotekar og ein kontaktperson i barnehagen sentralt. I kommunar der det er fleire barnehagar som deltek, har bibliotekaren og kontaktpersonane frå kvar barnehage danna ei nettverksgruppe. Bibliotekaren har ansvaret for å leie arbeidet. I nettverksgruppa kan ein dele erfaringar, inspirere kvarandre og planlegge aktivitetar i lag. Nettverksgruppa møtest to til tre gonger i året, alt etter ønske.

Bokkasser

Bibliotekarane set saman bokkasser og organiserer utdeling av bokkasser til barnehagane. I bokkassene er det samla nynorske barnebøker for born i ulike aldersgrupper. I løpet av eit barnehageår kan ein få to til tre bokkasser. Kassene kan rullere mellom barnehagane, slik at utvalet er nytt for borna. Dette sikrar tilgang til nye bøker i barnehagane. Dei vaksne bør oppmuntrast til å lese nye bøker. Ein kan til dømes byte på å presentere ei ny bok kvar gong det er personalmøte.

Utlån av bøker i barnehagen

Mange barnehagar har utlån av bøker til borna i barnehagen. Dette kan organiserast på ulike måtar. Erfaringar frå Nynorske lesefrø viser at enkle utlånssystem kan fungere bra, med til dømes ein perm eller ei bok der foreldra skriv inn namn og tittel på boka, og stryk det ut att når dei leverer boka tilbake. Plasseringa av bøkene som er til utlån, er viktig. Når bøkene er plassert i hente-/bringe-arealet vert bøkene ofte lånte med heim.

Tilgang på bøkene i barnehagen

Det er viktig at bøkene som er i barnehagen, er tilgjengelege for borna. Det skal vere lett for borna å finne dei bøkene dei er på jakt etter. I tillegg er det inspirerande å stille ut bøkene, slik at ein ser framsida på bøkene. Måten ein presenterer bøkene på i barnehagen, er med på å skape motivasjon for lesing. Mange barnehagar har organisert bøkene slik at det vert oversiktleg og bøkene er lett å nå tak i for borna. I Nynorske lesefrø-barnehagar er nynorske bøker gjerne merkte og plasserte i ei eiga hylle, slik at det er lett å finne desse bøkene.

Spørsmål ein kan stille for organisere bøkene i barnehagen:

Lesekrok i barnehagen

Å ha ein plass der ein kan lytte, lese, sjå på bilete, fabulere, la tankane fly og samtale, gir ei god ramme for gode lesestunder. Det er mange som har eigen lesekrok for leseaktivitetar i barnehagen.

Leselogg

Ved å føre leselogg kan ein ha oversikt over kva for born som vert lesne for. Dette for å sikre at alle borna i barnehagen deltek i leseaktivitetar.

Slik kjem du i gang med Nynorske lesefrø

Ein kontaktperson i barnehagen tek kontakt med folkebiblioteket (ev. omvendt) og avtalar eit første møte. På det første møtet avtalar de:

Etter det første møtet orienterer kontaktpersonen i barnehagen dei andre tilsette i barnehagen.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)