Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Frå dikt til teikneserie

Tekst: Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule

I april 2009 gjennomførte 6. steget ved Halbrend skule i Førde prosjektet «Frå dikt til teikneserie». Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er spennande, mellom anna fordi elevane får arbeide med dikt og teikneseriar på ein ny, engasjerande og utradisjonell måte.

Presentasjon av opplegget

Oppgåve
Lage ein eisides teikneserie ut frå eit nynorsk dikt.

Førebuing

Gjennomføring

  1. Vi starta med med eit to timars teikneseriekurs for elevane. Først tok ein føre seg symbolbruk og korleis skrift kan nyttast på ulike måtar, t.d. i snakkebobler, tenkjebobler, tekstboksar og lydeffektar. Her vart det lagt opp til at elevane sjølve skulle få komme fram med eigen kunnskap om emnet. På førehand hadde dei fått i oppgåve (heimearbeid) å gå inn på nettstaden nynorsksenteret.no/teikneseriar for å studere og få ei oversikt over kva som finst av nynorske seriar.
  2. Deretter gjekk vi gjennom «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di». Teikneserien gjev ei lettfatteleg og god innføring i visuelle verkemiddel, med hovudvekt på ulike teikneperspektiv.
  3. Elevane studerte så fleire døme på teikneseriar som var laga med utgangspunkt i ulike dikt. Dikta som vart presenterte som teikneseriar, var «Ivar Aasen og katten hans», «Nokon heiter jobben», «Kveldssong for deg og meg» og «Song til ein orm». Dei fekk også sjå to teikneseriar som begge var laga ut frå same diktet, men på ulik måte. Alle teikneseriane fann vi på teikneseriesida til Nynorsksenteret.
  4. Vi presenterte dikta elevane skulle arbeide med (sjå liste over), og samtala om idear til korleis teksten kunne gjerast om til bilete. Kvar elev fekk så velje seg eit dikt.
  5. Elevane planla og utarbeidde teikneserien individuelt. Før dei byrja å arbeide, måtte dei tenkje grundig gjennom desse punkta:
    1. Kven skal vere hovudperson(ane) i teikneserien?
    2. Korleis skal figurane sjå ut?
    3. Kva er handlinga? Kva vil du fortelje/få fram?
    4. Kor mange ruter vil du bruke, og korleis vil du variere bilet- og perspektivbruken?
    5. Kvar og i kva tidsepoke skal handlinga føregå?
    6. Skal serien ha forteljarrøyst, snakkebobler eller begge delane?
    7. Er det noko av teksten frå diktet som kan kuttast eller formidlast via bilete i staden?
    8. Skal serien få noko tekst som ikkje var i diktet, til dømes nye replikkar?
  6. Elevane laga ei skisse av figurane, og deretter ei grovskisse av korleis teikneserien skulle sjå ut. Då grovskissa var klar, starta arbeidet med den verkelege teikneserien. Det vart nytta A3-ark for betre å få fram detaljane i teikningane. Dei ferdige produkta vart deretter kopierte over i A4. Det var valfritt om teikneserien skulle vere fargelagd eller i svart-kvitt.
  7. Til slutt presenterte elevane teikneseriane for kvarandre. Dei vart delte i grupper etter kva dikt dei hadde valt. Elevar med like dikt gjekk saman for å samanlikne og diskutere løysingane dei hadde nytta.

Røynsler

Tilbakemelding frå elevane
Elevane vart kveikte av oppgåva og synte eit imponerande engasjement. Tilbakemeldingane var også heilt klare; det her hadde vore «kjempekjekt». Mange gav uttrykk for at det var ekstra kjekt å nytte dikt som bakgrunn for teikneserieskapinga. Dei opplevde det som ein spennande og utfordrande vri, som motiverte meir enn å skape ein teikneserie «ut frå eige hovud».

Oppsummering
Seks timar heldt til gjere ferdig teikneseriane. Dei ivrigaste arbeidde også med oppgåva heime. Ytterlegare ein time gjekk med til presentasjon.

Det var fleire spennande utfordringar undervegs. For nokre var det vanskeleg å teikne dei ideane dei hadde, andre syntest det var ei utfordring å bestemme seg for kva dei skulle formidle av diktet gjennom teikningane sine. Desse utfordringane gav ein god prosess for å tolke og forstå kva diktet eigentleg handla om. Det var spennande å sjå korleis elevane løyste det, ofte på ulikt vis.

Bruk av biletperspektiv, verkemiddel og symbolbruk varierte også ein del. Mange brukte fleire ulike biletperspektiv og gjorde slik teikneserien variert og spennande. Andre måtte ha hjelp til å sjå korleis ein kunne komme bort frå det same perspektivet i kvar rute.

Prosessen rundt det å bestemme korleis diktet skulle formidlast språkleg i serien var også utfordrande for mange, og gav mange ulike løysingar. Skulle diktet skrivast i tekstboksar, som snakkebobler eller begge deler? Var det nødvendig å ta med alt? Kunne ein formidle noko av diktet gjennom bileta og noko gjennom tekst? Spørsmåla var mange, og elevane fekk også her arbeide mykje med innhald og tolking.

Gode råd er å unngå å skuggeleggje i A3-formatet med blyant. Skuggelegging med gråtonar viser dårleg på kopien, og bør først gjerast på det endelege A4-formatet. Fargelegging av teikningane før svart-kvitt-kopiering, er heller ikkje lurt.

Vi kosa oss saman med ivrige elevar, og var overraska over kor mange flotte og godt gjennomarbeidde produkt elevane laga. Dei fleste elevane løyste oppgåva på eiga hand, og felles for mange var at dei var fornøgde og stolte over arbeidet sitt.

Elevteikneseriar

Sjå teikneseriar laga av elevane

Sjå teikneseriar laga av elevane

Sjå teikneseriar laga av elevane

Teikneseriar laga av elevar på Halbrend skule med utgangspunkt i diktet «På gjennomreise» av Marit Tusvik:

Flodhesten gjekk
gjennom gatene
så naturleg
han berre kunne
for ikkje å vekkje oppsikt

Likevel glodde folk enormt
og ein modig mann spurde:
«Kvifor går du her
gjennom gatene våre,
du – eit typisk sumpdyr?»

«Kan vi ikkje la det
vere eit mysterium?»
svara flodhesten

Matoppskrifter

Sjå teikneseriar laga av elevane

Det er ikkje berre dikt og noveller det kan fungera å omforma til teikneseriar. Ved Øyra skule i Volda har dei laga teikneseriar med utgangspunkt i matoppskrifter. Teikneseriar er til dømes veleigna til å understreka strukturen i prosessen (kva tid ein gjer kva) og til å framheva kvar i matlaginga ting lett kan gå gale.

Framgangsmåten når du skal laga ein teikneserie av ei matoppskrift, kan i hovudsak vera lik framgangsmåten skildra i opplegget med diktteikneseriane.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.