Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Freden – visuelle verkemiddel

I denne undervisningsressursen presenterer vi forslag til korleis de kan jobbe med bilete og tekst med utgangspunkt i teikneserien Freden av Oliver Levang frå heftet Bobler frå djupet.

Av Ida Karin Aarflot Kornberg

I serien Tommelfingerreglar kan de lese meir om verkemiddel og teikning av seriar. Dette ei fin og oversiktleg stripe som du kan skrive ut frå PDF og gi til elevane.

Forarbeid

Start gjerne med å gå gjennom følgjande liste stikkord i lag med elevane, slik alle har ei felles forståing av kva omgrepa tyder.

Oppgåve 1: Første rute

Skriv ut første rute av teikneserien Freden av Oliver Levang. Del ut berre første rute til elevane. Her er det eit poeng at elevane ikkje har fått tilgang til heile serien enno. Du bestemmer om det skal takast ei felles drøfting i klassa eller om du vil dele elevane inn i mindre grupper.

Sjå på biletet og svar på følgjande spørsmål:

  1. Kva ser de i biletet?
  2. Kan de kjenne på ei stemning i biletet?
  3. Korleis spelar det visuelle inn på dykkar inntrykk og tankar om innhald?
  4. Kva trur de teikneserien handlar om?

Skriv ned elevane sine tankar i stikkordform på tavla eller organiser innspela på ein måte som passar dykk best. Dette opnar for vidare samtale og synleggjer eventuelle skilnadar i elevane sine tolkingar.

Oppgåve 2: Første og nest siste rute

I oppgåve 2 samanliknar vi første og nest siste rute i Freden. Sett elevane i mindre grupper, i par eller sett i gang individuelt arbeid.

Skriv ut dei aktuelle rutene og del dei ut til elevane.

Drøft følgjande spørsmål:

  1. Fortel kva du ser i dei to rutene. Moglege setningar elevane kan bruke, er:
    • I biletet ser vi … i framgrunnen.
    • I bakgrunnen ser vi …
    • Kontrasten mellom … og … gjer at …
    • Fargane i … er …
    • Bruken av … fargar skaper …
    • Streken i teikninga er …, noko som signaliserer at …
  2. Korleis spelar det visuelle inn på inntrykk og tankar om innhald?
  3. Kan du kjenne på ulike stemningar i dei to bileta?
  4. Sjå på dei to rutene. Skriv ned kva som skil dei. (Personane i rutene, fargebruk, element, innhald osb.)
  5. Er det noko som tilseier at desse to rutene er del av same serien?

Oppgåve 3: Heile teikneserien

I oppgåve 3 ser vi på teikneserien frå første til siste rute. Elevane har kvart sitt eksemplar av Freden, eller deler med sidepersonen. Gi elevane god tid til å lese gjennom serien. De kan òg ta ei felles høgtlesing. Kan det vere ting i teikneserien som er uklare? Skriv ned stikkord på tavla, drøft i fellesskap eller arbeid med slike spørsmål på ein måte de likar.

La elevane velje ut nokre fleire ruter som dei analyserer på same vis som i oppgåve 2. La dei deretter bruke analysane sine til å svare på spørsmålet: Korleis spelar det visuelle innhaldet inn på tolkinga di av handlinga i serien?

Refleksjon

Til vidare refleksjon kan du samanlikne elevane sine analysar.

Teikneserien

Gå til serien FredenTeikneserien Freden.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.