Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Teikneseriar som samansett tekst

Av Ingrid Slettevoll

Samansette tekstar er ein viktig del av norskfaget. Dersom ein tekst er samansett av fleire modalitetar, t.d. skrift og bilete, kan vi kalle det ein samansett tekst. Dei fleste teikneseriar inneheld både skrift og teikning og kjem då i denne kategorien.

Læreplanen legg vekt på at elevane frå dei startar i skulen skal utvikle kompetanse i å lese og produsere ulike typar samansette tekstar. Elevane skal både kunne setje ord på kva dei opplever når dei les, og reflektere og stille seg kritiske til tekstane.

Syntese av skrift og bilete

Korleis kan vi lese ein teikneserie som ein samansett tekst? Det er viktig å sjå på korleis dei ulike modalitetane samarbeider for å uttrykkje meining. Teikningar og skrift har ulike grenser for kva dei kan uttrykkje, men vil til saman hjelpe oss med å fylle tomromma i den samansette teksten med innhald. Skal vi greie å forstå ein teikneserie, må vi kjenne oss att i situasjonane og personane som er teikna, men skrifta kan tilføre informasjon som teikningane ikkje kan gi. Å lese ein teikneserie som samansett tekst, vil seie at vi les ein syntese av skrift og bilete (Hallberg, 1982). Språkforskaren Anne Løvland seier at ein slik måte å lese på kan samanliknast med å leggje fleire lysark over kvarandre: «Kvart lag vert ikkje forstått isolert, men spelar med i den samla forståinga» (Løvland, 2006:160).

Førlesefasen

I ein leseprosess er førlesefasen viktig for å skape førforståing og forventningar til kva teksten handlar om. Når vi les teikneseriar, er det viktig å starte med framside, omslag eller overskrifter før vi tek fatt på sjølve teikneseriestripene. I denne fasen kan vi hente fram erfaringar som gjer at vi lettare kan tolke og skape meining i det vi les.

Mange norske elevar les først og fremst for å oppleve. Dei har ikkje lært korleis dei kan lese for å lære, eller korleis dei kan tolke og vurdere det dei les. Oppleving og nyting er nok målet for dei fleste barn og unge som les teikneseriar. Skal vi i tillegg utvikle kritisk refleksjon hos elevane, må vi leggje til rette for lesestrategiar der vi arbeider aktivt med å vurdere korleis samansette tekstar kommuniserer med oss.

Ingrid Slettevoll

Ingrid Slettevoll var tilsett ved Nynorsksenteret. Ho er lektor med hovudfag i norsk med didaktikk, og har i tillegg mange års undervisningspraksis som lærar i grunnskulen. Slettevoll har òg vore lærebokforfattar i norsk for ungdomssteget.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.