Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Teikneserie møter dikt

Av Arild Torvund Olsen

Teikneseriar er ei form for samansett tekst som opnar for mange arbeidsmåtar. Ein innfallsvinkel til emnet kan vera å samanlikna teikneseriemediet med andre medium, for slik å læra meir om likskapar og ulikskapar mellom media. I dette opplegget tek me utgangspunkt i eit kapittel frå teikneserien Soga om Olav Sleggja der teksten er tufta på diktet «Song til ein orm» av Tor Jonsson

Aldersgruppe

Opplegget er laga for elevar i den vidaregåande skulen.

Mål for opplegget

Målet for dette undervisningsopplegget er at elevane skal læra å vurdera bruk av estetiske verkemiddel i ulike medium, slik at dei skal verta betre i stand til å tolka og vurdera komplekse samansette tekstar.

Førearbeid

Elevane bør helst ha lært ein del om verkemiddel i ulike medium på førehand. Det kan òg vera ein føremon at dei har arbeidd noko med diktet «Song til ein orm» av Tor Jonsson. Med mindre kvar elev sit på ei eiga maskin med tilgjenge til nettet, må du dessutan skriva ut teikneserien på førehand.

Framgangsmåte

  1. Ha ei idémyldring i klassen på likskapar og ulikskapar mellom teikneseriar, filmar og skriftlege tekstar. Få elevane til å nemna verkemiddel, og diskuter om verkemidla er mediespesifikke eller vert nytta i fleire medium.
  2. Lat elevane arbeida, i grupper eller ein og ein, med å sjå på korleis Runde i teikneserien Soga om Olav Sleggja nyttar Tor Jonsson-diktet «Song til ein orm». Spørsmål dei kan drøfta, er:
    • Kva verkemiddel vert nytta i teikneserien?
    • Korleis er samspelet mellom diktet og bileta? Kva gjer bileta med diktet, og omvendt?
    • Er det nokon av verkemidla i teikneserien som òg vert nytta i filmar?
    • Er det verkemiddel i teikneserien som er mediespesifikke, dvs. at ein berre kan finna dei i teikneseriemediet?
    • Er det, sjølv om heile teksten frå diktet er med i teikneserien, noko som forsvinn i overføringa frå dikt til teikneserie?
    Når du går rundt og hjelper elevane med spørsmåla, kan du mellom anna spora dei inn på bruken av vinklar og utsnitt som eit døme på likskap mellom filmmediet og teikneseriemediet. Bruken av ulike rutestorleikar for å påverka leserytmen kan nemnast som eit døme på eit verkemiddel som er mediespesifikt for teikneseriemediet.
  3. Lat elevane få presentera funna sine for klassen, og drag liner til idémyldringa dei hadde i byrjinga, slik at elevane kan få reflektera over særpreg og eigenart i ulike medium, og likskapar mellom dei.

Dersom du ynskjer å arbeida meir med tilhøvet mellom film og teikneseriar, kan traileren for teikneserien Soga om Olav Sleggja vera fint å ta i bruk:

Soga om Olav Sleggja

Soga om Olav SleggjaKapittelet «Song til ein orm» frå teikneserien Soga om Olav Sleggja.

 

Diktet «Song til ein orm»

Tor Jonsson skreiv diktet «Song til ein orm» på slutten av livet. Les diktet i tekstformat.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.