Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Til læraren | Lærings- og kompetansemål | Læringsaktivitetar | Vurdering | Om teksten | Fordjuping
Dette opplegget tek utgangspunkt i arbeid med språket i Grunnlova.
Læringsmål:
Å kunne peike på, beskrive og diskutere språklege fenomen i ytringar på nynorsk og bokmål.
På sida til Lovdata finn du heile nynorsk- og bokmålsutgåvene av Grunnlova:
Kongeriket Noregs Grunnlov (nynorsk)
Kongeriket Norges Grunnlov (bokmål)
Agens: ein deltakar som gjer, får til å skje, rører seg, føler, sansar eller erkjenner (vert ofte uttrykt ved subjektet i ei setning, men ikkje alltid)
Patiens: ein deltakar (person eller ting) som er passiv, som det hender noko med, som vert karakterisert, som er ein stad eller liknande (vert ofte uttrykt ved objektet i ei setning, men ikkje alltid)
Agens og patiens vert kalla semantiske roller.
Substantivering: å lage eit substantiv av eit ord som tilhøyrer ein annan ordklasse (td. å gå frå operere til operasjon, frå parkere til parkering eller frå fri til fridom).
Nominalisering: å gjere eit setningsledd (oftast verbalet) om til eit nominalledd. Substantivering er den mest vanlege måten.
Aktiv verbform: vert brukt i setningar der subjektet er den som utfører eller set i gang handlinga, altså der subjektet er lik agens. Døme: Janne parkerte bilen.
Passiv verbform: den som vert utsett for handlinga (patiens), vert gjort om frå objekt til subjekt i setninga. Den handlande (agens) vert skubba ut til slutten av setninga eller vert heilt borte. Døme: Bilen vart parkert eller Bilen vart parkert av Janne.
Klarspråk: korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege, ifølgje Språkrådet.
(Ordlista er basert på Iversen, Otnes og Solem: Grammatikken i bruk)