Snakk saman om språk

Råda er utarbeidde av professor Synnøve Matre i samarbeid med Nynorsksenteret.

Du kan laste ned plakaten i PDF-format og skrive han ut sjølv. Dersom du vil ha eit gratis papireksemplar av plakaten i A3-format, kan du ta kontakt med oss på e-postadressa ror@hivolda.no.

Språkleg mangfald er ein ressurs. Løft fram erfaringane elevane har med språk og bygg vidare på dei når de skal arbeide med nynorsk.

Gje elevane gode opplevingar med det nynorske språket  

Etabler ein klasseromskultur med plass for samtale om språk
Snakk saman om ord og uttrykk som dukkar opp – frå ulike språk og dialektar. Gjer språklege variasjonar og det språklege mangfaldet til faste samtaleemne i klassen.

La elevane prøve ut språket og utforske det
Det ligg mykje morosam læring i å utforske språk! La elevane få gå på leit etter ord i nynorske tekstar – morosame ord, vanskelege ord, fine ord, typiske nynorske ord og faglege omgrep. Jobb gjerne med å finne språklege skilnader og likskapar mellom nynorsk og bokmål.

Bruk kompetansen i personalet
Set av tid i kollegiet til å hjelpe kvarandre og til å dele idear, tekstar­ og erfaringar.

La elevane møte nynorsk kvar dag og i ulike samanhengar
Nynorsk er eit bruksspråk, og elevane må få erfare at det fungerer i kvardagen, gjennom til dømes høgtlesing, song og musikk, nynorsktekstar i ulike fag og sjangrar, meldingar på tavla, vekeplanar og på læringsplattforma. Ungdommane må bli eksponerte for eit språk for å verte gode i det.

La elevane prøve ut skriving på nynorsk
Når elevane startar som nynorskskrivarar, skal du rose dei og ikkje fokusere for mykje på grammatikk og rettskriving. La dei få skrive ofte og kort. 

Inkluder foreldra
Informer dei om den ressursen nynorsk kan vere for ungdommane – i form av mellom anna språkleg medvit og tilgang til den rike nynorske litteraturen. Oppmode dei til å støtte og motivere elevane i nynorskopplæringa.

Elevar som får ei god nynorskopplæring på ungdomsskulen, har eit fortrinn når dei skal skrive lengre og meir krevjande tekstar på vidaregåande.