Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Animasjonsfilmar /

Kråkebollebilly

Denne vesle animasjonsfilmen handlar om Kråkebollebilly. Han er, som namnet seier, ein kråkebolle. Kråkebollebilly vil så gjerne gje nokon ein klem, men dét er ikkje så greitt når ein er ein kråkebolle med spisse piggar. Filmen leikar seg med ord, og sjåarane får sjå korleis ein kan laga nye ord ved å setja saman to eller fleire ord. Utgangspunktet for filmen var at animatøren Magnhild Winsnes vart inspirert av Marit Tusvik-diktet «Kra kra» i barnebokantologien Les for meg!:

Ein kråkebolle
av den impulsive typen
gav klemmar til alle han møtte

Han skjønte ikkje
at viss ein vil ha vener
og er kråkebolle
må ein ta det litt med ro

Å laga nye ord
Leik med samansette ord er eit godt utgangspunkt for samtalar om språk og utvikling av språkleg medvit. Her finn du eit ark frå Ordleiksboka der borna kan prøva seg på å laga samansette ord med utgangspunkt i uttrykk.

 

De kan òg laga nye ord ved å nytta biletlottokort med teikningar og ord, eller å laga eigne illustrerte lappar med småord. Borna kan trekkja to ord og setja dei saman til eit nytt, samansett ord. Lat borna teikna det nye ordet.

Dersom du set saman «krone» og «planet», kan du få ein kroneplanet.

Makk + tog = makktog, «eit tog med makkar bakpå».

Teikningane av kroneplaneten og makktoget er laga av Mari, 5 1/2 år.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)