Nynorsksenteret

Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Leiar:
Anne Steinsvik Nordal

nynorsksenteret@hivolda.no

Telefon: 70 07 51 97 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51


English Deutsch

 

Forsking og utvikling / FoU-rapportar /

Bruk av nynorske lærebøker – tverrfagleg nynorsk for bokmålselevar

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har stødd fleire forsøk med å bruke lærebøker på nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. Forsøka vart sette i gang for å styrkje nynorskopplæring i undervisninga utanom norskfaget.

Den nye læreplanen som skal gjelde for heile grunnopplæringa, frå første til og med trettande klasse, legg vekt på at tverrfagleg skriving skal stimulerast. Gjennom dette opplegget er det målet å styrkje både den faglege skrivinga og sidemålsopplæringa i nynorsk. Opplegget går ut på at elevane får nye lærebøker på nynorsk i eit anna fag enn norsk, til dømes RLE eller samfunnsfag. I dette faget skal all skriving gå føre seg på nynorsk, lærarane skal også skrive nynorsk i undervisninga i faget og elevane har nynorsk som arbeidsspråk.

Nynorsk lærebok i KRL (film) – sjå film om opplegget i bruk
Nynorsk lærebok i RLE – les korleis du kan gjennomføre eit slikt prosjekt
Erfaringar frå lærebokprosjekta 2006–2007
Sjå testresultatet frå 2005–2006

 

Skriv ut  Skriv ut

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 09.10.2008
 
-