Nynorsksenteret

Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Leiar:
Anne Steinsvik Nordal

nynorsksenteret@hivolda.no

Telefon: 70 07 51 97 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51


English Deutsch

 

Kurs og konferansar / Kurs /

Fordi han er bra – meny for meir nynorsk

Ved hjelp av kursmenyen kan de setje saman og tinge eit skreddarsydd litteraturkurs.

Denne menyen er laga for deg som er lærar, bibliotekar, skuleleiar eller berre litteraturinteressert vaksen med ynske om å skape leseglede hjå born og unge. Menyen gjer det mogleg å komponere eit kurs som best mogleg høver deg og dei du lagar kurset for. Motivasjonen vår er å inspirere dykk til å velje i den moderne nynorske bokhylla neste gong! Ikkje fordi du fordi de skal lese nynorsk, men fordi du vil! Du veit kor høg kvalitet bøkene har, du veit kva dei handlar om, kven dei passar for, kven som har skrive dei, og du har nokre knep på lur for å skape gode leseopplevingar knytt til desse bøkene.

Skal den nynorske barnelitteraturen overleve, må han vere best! Einar Økland sa dette tidleg på 70-talet. Nettopp på 70-talet byrja den nye forfattargenerasjonen å sjå på barnelitteraturen som ei interessant kunstnarleg utfordring. Bøkene dei skreiv bar preg av dette. Det vart tett mellom utmerkingane, utanlandske forlag var meir enn villige til å omsetje og gje ut dei beste. Slik har det halde fram. Offensiv innkjøpspolitikk og kvalitetsbevisst forlagsverksemd har rulla snøballen vidare. Den nynorske barnelitteraturen veks, trivst og kosar seg på toppen, seier eg i dag, med glimt i auget, eit lurt smil og med von om at eg får sjansen til å overtyde deg om at eg snakkar sant!

Janne Karin Støylen

 

Skriv ut  Skriv ut

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 01.07.2010
 
-