Nynorsksenteret

Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Leiar:
Torgeir Dimmen

nynorsksenteret@hivolda.no

Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51


English Deutsch

 

Ressursbase for skulen / Nynorskkurs og skrivehjelp /

Nynorskkurs og skrivehjelp

Nynorsk på 1-2-3
Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. Kurset inneheld tre frittståande teikneseriesider med eitt tema på kvar side: Verb, substantiv og rett ord til rett tid. Teikneserien er teikna av Kristoffer S. Mathisen, med manus av Ingrid Slettevoll og Arild Torvund Olsen.

 

På nynorsk
På nynorsk er eit interaktivt nynorskkurs frå Nynorsksenteret. Kurset gjev ei enkel innføring i teksttypar og sjangrar, med eksempel frå moderne nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa. Teksteksempla er også grunnlag for å lære om det nynorske formverket.

 

Nynorsk over alle grenserNynorsk over alle grenser (pdf)
Nynorsk over alle grenser gjev ei innføring i særtrekk ved nynorsk rettskriving. Oppgåvene er laga av Torill Tørjesen og Pål Wiik, som har mange års røynsle som norsklærarar på Holmlia i Oslo.

 

Nynorsk arbeidsgrammatikk for minoritetsspråklege
Gratis arbeidsgrammatikk til utskrift. Denne grammatikken er ei enkel innføring i nynorsk grammatikk, med både teori, forklaringar og arbeidsoppgåver. Han vender seg særleg til ungdommar og vaksne minoritetsspråklege som ønskjer å lære nynorsk, men delar høver òg godt til sidemålsopplæring.

 

NTNU har laga til ein serie med videoførelesingar om nynorsk:

Videoførelesingane kan òg lastast ned frå iTunes.

Språkrådet har fleire gode hjelpemiddel for folk som vil læra seg nynorsk:

Andre vevbaserte nynorskkurs:

Skrivehjelp og tips:

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 18.01.2012
 
-