Skriving

Mg 0670 Kvadrat
5 tips til nynorskundervisning

Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte tema meir enn andre. Det trengst difor ei fornying av nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring.

Ein ung mann søkjer ein jobb2
Jobbsøknadar, stillingsutlysingar og adjektiv

I stillingsutlysingar finn vi ulike adjektiv, adjektiv som skal passe på den som søkjer jobben, på sjølve arbeidsplassen eller på arbeidsoppgåvene. Her skal vi sjå nærare på bruken av adjektiv, nokre oppgåver om grammatikk og korleis du kan skrive ein jobbsøknad eller ei stillingsutlysing sjølv. Desse oppgåvene høver med læreplanmåla både i norsk og utdanningsval. 

Skriving Utan Bakgrunn
Kreativ skriving

Ein del elevar treng litt hjelp til å kome i gang med å skrive kreative oppgåver. Denne ressursen inneheld enkle oppgåver og tips til ulike måtar å starte ein skriveprosess på.

Erlend Skjetne01 kvadrat
«Endeleg er eg arbeidslaus. Dette er ein open jobbsøknad til absolutt alle»

Opplegg om retorikk med utgangspunkt i ein tekst av Erlend Skjetne. Det å skrive ein retorisk analyse er ein av oppgåvetypane som blir gitt til eksamen i norsk på vidaregåande.

Marcos paulo prado tcy W6 Im5 Uug ikon
Det første eg hugsar, er ...

Når elevane får skrive om sitt eige liv, får dei reflektere over eigen identitet og kva som har forma dei til å bli den dei er i dag. Å skrive ein sjølvbiografi eller miniportrett om seg sjølv er eit av måla med dette undervisningsopplegget.

Sannings og forsoningskommisjon kvadrat
Fornorskingspolitikken har fått alvorlege konsekvensar for minoritetar

Skriveoppgåver med utgangspunkt i diskusjonen rundt rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen. Oppgåvene legg opp til at elevane kan skrive ein fagartikkel eller ein retorisk analyse med fornorskingspolitikk som emne.

Valentinsdag ikon
Kjærleik og vennskap på nynorsk 

Bruk valentinsdagen som utgangspunkt, og la elevane arbeide med temaet kjærleik og vennskap. I dette undervisningsopplegget finn du forslag til ulike måtar å arbeide med tematikken på, både skriftleg og munnleg.

Kenny eliason Ak5c5 V Tch5 E kvadrat
Lag ein poesiverkstad!

Å engasjere elevane til å utforske språket kan påverke korleis dei opplever å skrive nynorsk. I denne undervisingsressursen finn du tips til korleis du kan inspirere elevane til å utfalde seg kreativt gjennom skrivinga. Eit anna delmål med arbeidet er å la elevane lese og bli kjende med den nynorske samtidslyrikken. 

Vgelevar Kvadrat
Språkløyper: Nynorsk som sidemål

Denne språkløypepakken tek føre seg korleis sidemålsopplæringa kan ta i bruk varierte metodar og engasjere elevar med ulike føresetnader og motivasjon.

Arbeid med tekstskriving og grammatikk ikon
Arbeid med tekstskriving og grammatikk samtidig

Skriv ein kort tekst og jobb litt med grammatikk samtidig! Inspirasjon til å starte skrivinga får elevane frå eit bilde.

Ferrante Kvadrat
Skriving med utgangspunkt i tekstar av Elena Ferrante

I denne ressursen finn du skriveoppgåver med utgangspunkt i utdrag frå boka Eit år med Elena Ferrante.

Amanda Gorman kvadrat Foto Peter Stevens
Amanda Gorman – krafta i diktinga, krafta i språket

I denne omsetjingsoppgåva skal elevane ta utgangspunkt i diktet «The Hill We Climb» av Amanda Gorman, og reflektere over kva slags kraft dikting kan ha.

Attdikting ikon
Omsetjing av songtekstar

I dette tverrfaglege undervisingsopplegget får elevane prøve seg på omsetjing/attdikting av ein songtekst frå engelsk til nynorsk.

Mg 0645 Lite Kvadrat
Skriveramme for kreativ skriving

Nokre gonger kan det vere vanskeleg for elevane å starte tekstskriving, og mange hevdar at dei ikkje har fantasi. Då kan det vere ein ide å la dei få planlegge teksten sin ut ifrå ei skriveramme. Skriveramma hjelper dei med å lage ein struktur for teksten sin.

Renessansehandskrift Ws Kvadrat
Kreativ skriving med utgangspunkt i eldre litterære periodar

Kreativ skriving kan vere ein måte å jobbe med den eldre litteraturhistoria på. Gjennom å skrive korte tekstar kan elevane lære om tidlegare tekstkulturar, og den litteraturhistoriske perioden kan verke mindre teoretisk når ein får ei meir praktisk vinkling.

Mg 0732 Utsnitt
Skriving på nynorsk

Å skrive er både ein reiskap for å lære og ein del av det som skal lærast i faga. Vi skriv ulikt i samfunnsfag og naturfag, og vi skriv ulikt på nynorsk og bokmål.

Mg 0645 Kvadrat
Frasesamling

Ei samling med uttrykk og skrivemåtar til bruk i resonnerande/drøftande tekstar.

Stavanger
Lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk

Når elevar med bokmål som hovudmål har lærebok på nynorsk i eit anna fag enn norsk, kan dei tileigne seg kunnskapar i faget samstundes som dei blir fortrulege med å lese og skrive nynorsk.