Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet
av Marcello Toninelli. Til norsk ved Bodil Moss.
(klikk på bileta for å opna ei større utgåve)

Opphavsrett: TransFe:r, Marcello Toninelli og Bodil Moss.
Desse teikneseriesidene er publiserte av Nynorsksenteret med løyve frå TransFe:r. Sidene kan skrivast ut gratis til bruk i skulen til undervisningsføremål. Publisering på andre vevstader eller i andre medium er ikkje lov utan løyve frå forlaget.

PDF til utskrift

Last ned serien som PDFLast ned denne serien som ein PDF til utskrift.

 

Marcello Toninelli

Marcello Toninelli (f. 1950 i Siena) er ein italiensk teikneserieskapar.

Teikneserien Dante

Dante er ein humoristisk teikneserieversjon av det kjende italienske visjonsdiktet Den guddommelege komedie. Serien inneheld mange former for omsetjing og overføring, til dømes frå vers til teikneseriestripe, frå gammaltestamentlege tankar til moderne humor og, i den norske utgåva, frå italiensk til nynorsk. Kvar stripe har eit sluttpoeng, men samstundes skapar einskildstripene ei samanhangande forteljing som gjev godt innsyn i handlinga i komedien. Teikneserien er òg krydra med mange sitat frå Den guddommelege komedie. I den norske utgåva er desse sitata henta frå Magnus Ulleland si omsetjing. Men Marcello gjer meir enn berre å attfortelja visjonsdiktet til Dante; han leikar seg med det, parodierer det og puttar inn referansar til det moderne Italia.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.