Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Nettserier.no er eit nettsamfunn der folk kan publisera sine eigne teikneseriar og få respons på dei.
Lær å teikna teikneseriarI «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» kjem teikneserieskaparen Øystein Runde med nyttige tips og triks for folk som vil teikna teikneseriar. Lær om aksebrot, fugleperspektiv, bruk av nærbilete og andre nyttige emne.
I teksten «Det fyrste rådet mitt» skriv teikneserieskaparen Tore Strand Olsen om kvifor du bør starta med å laga ein einsidar – og gjera han heilt ferdig.
Lær å skriva teikneseriemanusI «Ein teikneserie blir fødd» skriv Olaf Moriarty Solstrand (manusforfattar for Donald Duck) om korleis du kan arbeida med manus for å laga gode teikneseriar. Du får òg sjå eit døme på ei side frå eit Donald-manus og Donald-teiknaren Arild Midthun si tolking av den same manussida.
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.