Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Det fyrste rådet mitt

Av Tore Strand Olsen

Eg møter mange som har lyst til å lage teikneseriar. Fyrst og fremst når eg er ute og held kurs, sjølvsagt, men òg elles vert eg oppsøkt av potensielle serieskaparar. Ofte har dei ein bunke teikningar av figurar dei liker å teikne, og er fulle av idear dei meiner kan verte gode seriar. Og dei vil gjerne ha råd om kvar det løner seg å byrje når ein skal lage teikneseriar. Då har eg eitt råd eg alltid gjev:

Start med ein einsidar – og gjer han heilt ferdig.

Grunnen til det er at det løner seg å setje seg realistiske mål – ikkje minst for oss serieteiknarar, som jo ofte er drøymarar. Mange har lyst til å lage album og bøker og lange mektige epos. Epos som diverre aldri vert fullførde, men vert liggjande uferdige, av di ein etter nokre veker innser kor mykje arbeid det er. Då vert eposa gjerne liggjande i skrivebordsskuffen og aldri tekne fram att, av di det kjennest som eit ork. (Tru meg – eg har mange skuffar fulle.)

Mange har òg lyst til å lage ein stripeserie, og det kan òg vere ein OK stad å byrje. Men eg vil likevel tilrå å starte med ein einsidar. Og eg skal forklare kvifor.

Ein einsidar har fått namnet av di han fyller ei side i eit teikneserieblad, i motsetnad til ein tosidar som fyller … ja, du skjønar. Einsidarar er eit hendig og oversynleg format – alt får plass på eitt ark. Dessutan kan ein gjere mykje ulikt på éi einskild side: Ein kan fortelje ein liten vits, som i ei stripe, eller ein kan få plass til ei lita historie.

Dersom du har lyst til å lage stripeseriar, men aldri har teikna seriar før, bør du vurdere å lage nokre einsidarar fyrst. Alle dei kjende stripeteiknarane laga einsidarar før dei gjekk vidare til stripene: Mads Eriksen laga Gnom før M, Lise Myhre laga Anne And og Den Svarte Siden før Nemi, og Frode Øverli laga seriar i alle moglege lengder i Pyton før han laga Pondus. Det er òg lurt å prøve stripekonseptet ditt på ei heilside fyrst, for det gjev både meir plass å teikne på og meir tid til å fortelje poenget i serien din. (Tid og plass heng nøye saman i teikneseriemediet.) Når du har ei ferdig side eller fleire, kan du studere dei og vurdere korleis du eventuelt kan komprimere dei ned til stripeformatet. For stripeformatet krev fyrst og fremst komprimering.

Dersom du har ambisjonar om å lage lengre teikneseriehistorier, bør du lage ein einsidar fyrst, som ein test. Eg har teikna eit par teikneseriebøker på nesten hundre sider, og før eg byrja å teikne dei eigentlege sidene i boka, teikna eg ei prøveside for å teste teiknestilen, sjå kor mykje arbeid det var og få ei kjensle av kor lang tid det tok. Så kunne eg gonge tida det tok å teikne den eine sida med talet på sider i boka.

Så er det den andre delen av rådet: Gjer han heilt ferdig. Grunnen til det er sjølvsagt at det er veldig tilfredsstillande å ha ein ferdig, sjølvlaga teikneserie i handa. Den ferdige sida fortel deg òg akkurat kor god serieskapar du er på det noverande tidspunktet. Og det viktigaste – du har no enormt mykje meir røynsle med å lage teikneseriar enn du hadde før du laga denne sida. Du ser truleg fleire feil du har gjort, ting du kan gjere betre neste gong, og det er nettopp poenget. No kan du lage ein ny einsidar, ein som er betre enn den førre. Og ein einsidar til. Og ein einsidar til. Og så kan hende ein tosidar. Og så ein femsidar. Og så vidare. Eller du kan gå motsett veg og lage striper. Det er opp til deg.

Men start med ein einsidar.

Og gjer han heilt ferdig.

Tore Strand Olsen

Tore Strand Olsen har arbeidd profesjonelt med teikneseriar sidan 1990. Han held ofte teikneseriekurs for skuleelevar og andre. På bloggen www.tegneseriekurs.com skriv han om kurs han har halde, råd til teikneserieskaparar og anna relatert stoff.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.