Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Last ned teikneseriesider med tomme snakkebobler (PDF)
Ivar Aasen-tunet har på vevsida si laga eit oversyn over storparten av det som er kome ut av teikneseriar med nynorsk tekst.
Tenkjer de på å kjøpa inn nynorske teikneseriar til skulebiblioteket? Ivar Aasen-tunet har laga til ein nettbutikk med nynorske teikneseriar.
I utstillinga Striper, ruter, bobler dokumenterte Ivar Aasen-tunet den nynorske teikneseriesoga. Dei har gjort utstillinga tilgjengeleg som PDF-ar som kan skrivast ut.
Striper, ruter, bobler – del 1
Striper, ruter, bobler – del 2
Bruk av nynorske teikneseriar kan vera ein motiverande og spanande innfallsvinkel til norskundervisninga. Ein teikneserie er ein samansett tekst. I Kunnskapslyftet står det:
«Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster.»
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.