Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden
Last ned teksten som ein PDF til utskrift.
Olaf Moriarty Solstrand (f. 1982) kjem frå Åfjord i Sør-Trøndelag. Han skriv manus for Donald Duck og driv vevstadene Andeby Online og Nettserier.no.
I denne teksten fortel Olaf Moriarty Solstrand, manusforfattar for Donald Duck, om korleis du kan arbeida med idear, samandrag og manuskript til teikneseriar.
Innleiing | Korleis går ein fram? | Persongalleriet | Ideen
Samandraget | Manuskriptet

Det finst mange måtar å laga teikneseriar på. Dei fleste har sikkert prøvd å berre teikna ei rute, for deretter å teikna neste rute, og halda fram slik medan ein finn på kva som skal skje etter kvart. Det er ein artig måte å arbeida på, men for at resultatet verkeleg skal bli bra, løner det seg å leggja ned litt meir arbeid i planlegginga først. Å laga teikneseriar handlar jo ikkje berre om teikning, det handlar like mykje om historieforteljing. Då er det ein fordel å kunna sjå for seg korleis ei historie skal slutta allereie når ein teiknar første rute, og det er eit godt hjelpemiddel å ha nokre tankar om kor lang historia skal vera, kva ein har lyst til å formidla, og korleis ein eigentleg skal formidla det. Ein god måte å leggja opp dette arbeidet på er å skriva eit teikneseriemanus. Sluttresultatet blir utruleg mykje betre av det, og når ein først har kome inn i det, er det faktisk ganske gøy.
Neste: Korleis går ein fram?
Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.