Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Smørbukk
av Andreas Haavoll (tekst) og Jens R. Nilssen (teikning)
(klikk på biletet for å opna ei større utgåve)

Denne teikneseriesida er publisert av Nynorsksenteret med løyve frå Laila H. Edvardsen og Norsk Barneblad. Sida kan skrivast ut gratis til bruk i skulen til undervisningsføremål. Publisering på andre vevstader eller i andre medium er ikkje lov utan løyve frå rettshavarane.

Dette er den aller fyrste Smørbukk-sida som vart laga. Sida vart publisert i Norsk Barneblad nr. 14–15 1938.

PDF til utskrift

Last ned serien som PDF

Last ned denne serien som ein PDF til utskrift.

 

Jens R. Nilssen

Jens R. Nilssen (1880–1964) kom frå Lofoten. Han var karikaturteiknar og illustratør og teikna fast for Norsk Barneblad. Nilssen teikna òg seriar som Vangsgutane og Tuss og troll.

Andreas Haavoll

Andreas Haavoll (1869–1958) kom frå Ørsta. Han var aktiv bladmann og var bladstyrar for Norsk Barneblad i mange år. I tillegg omsette han fleire barnebøker til norsk.

Smørbukk

Smørbukk er ein av dei mest tradisjonsrike norske teikneseriane. Fyrste forteljinga kom i Norsk Barneblad nr. 14–15 1938, og serien går framleis fast i bladet. Smørbukk har hatt tre ulike teiknarar: Jens R. Nilssen (frå 1938 til 1959), Solveig Muren Sanden (frå 1959 til 1982) og Håkon Aasnes (frå 1982).

Les meir om Smørbukk i Allkunne.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.