Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Song til ein orm

Av Tor Jonsson, henta frå Dikt i samling

Ver ikkje redd meg, orm.
Du som er hata av alle,
er heilag for meg.
Røm ikkje unna meg, orm,
for eg er ikkje eit menneske –
eg vil ikkje knuse ditt hovud.

Sola er di, orm.
Ringe deg saman i fred.
Skuggen min skal ikkje skræme deg,
for no er eg komen til grenselandet,
der minste ormen er meir enn eg.

Stuper eg her ein stad,
kryp då inn i min lekam,
så åndene attanfor alt kan høyre
at endeleg bankar eit levande hjarte
innanfor brynja eg ber –

Diktet er attgjeve med løyve frå Det Norske Samlaget.

Diktet som teikneserie

Diktet som teikneserieSjå diktet som teikneserie.

 

Tor Jonsson

Tor Jonsson (1916–1951) var diktar og journalist. Dikta hans var prega av ei indre uro og ei kjensle av einsemd. Jonsson skreiv diktet «Song til ein orm» på slutten av livet.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.