Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Litle Nemo i Slumreland
av Winsor McCay
(klikk på biletet for å opna ei større utgåve)

Sida er skriven og teikna av Winsor McCay i 1906. Med utgangspunkt i ei utgåve frå The Comic Strip Library har Nynorsksenteret omsett og fargejustert sida. Sida kan skrivast ut gratis til bruk i skulen til undervisningsføremål.

PDF til utskrift

Last ned serien som PDFLast ned denne serien som ein PDF til utskrift.

 

Winsor McCay

Winsor McCay (ca. 1866–1934) var ein amerikansk animatør og teikneserieskapar.

Litle Nemo

Winsor McCay byrja å laga Little Nemo in Slumberland (Litle Nemo i Slumreland) i 1905. McCay eksperimenterte mykje med det visuelle, og serien om Nemo var ein av dei fyrste som verkeleg viste kor stort visuelt potensial teikneseriar kan ha. Serien går føre seg i draumane til Nemo, og kvar episode sluttar med at han vaknar.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.