Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Nynorske teikneseriar

Nynorske teikneseriar

Her finn du teikneseriestriper, teikneseriesider og teikneserienoveller som syner noko av det mangfaldet som finst i den nynorske teikneserieverda.

AnnikaAnnika

Annika av Håkon Aasnes er ein serie om kjærleik og ungdomstid. Serien gjekk i mange år i Norsk Barneblad. Her på sida får du ei forteljing på to sider.

BjartmannBjartmann

Bjartmann av Øystein Runde er ein serie om ein superhelt med meir entusiasme enn vit. Her på sida finn du fire forteljingar på til saman atten sider.

Bjørnen og revenBjørnen og reven

Bjørnen og reven av Anders Kvåle Rue er ein to sider lang teikneserie basert på eit norsk folkeeventyr.
 

BusemannenBusemannen

Busemannen av Arild Torvund Olsen er ein serie om ein nervøs busemann som grublar mykje. Her på sida finn du ei side av serien.

CordeliaCordelia

Cordelia av Johanne Eikå Bergill er ein tolv sider lang fantasy-serie.
 

DanteDante: Helvetet

Dante av Marcello Toninelli er ein italiensk teikneserie basert på verket Den guddommelege komedie. Serien er omsett til norsk av Bodil Moss.

Den fattige skreddaren og rabbinarenDen fattige skreddaren …

Den fattige skreddaren og rabbinaren av Anders Kvåle Rue er ein tre sider lang teikneserie basert på eit jødisk eventyr.

DunceDunce

Dunce av Jens K. Styve er ein halvbiografisk teikneserie om ein far og sonen hans. Her på vevsida finn du sju striper av serien.

FargefjesFargefjes

Fargefjes av Ola Lysgaard er ein absurd og leiken serie. Kvar forteljing er på to sider, og her på sida får du ti forteljingar frå serien.

Flora & FaunaFlora & Fauna

Flora & Fauna av Elisabeth Høyer er ein teikneserie med fakta om naturen. Her på sida får du ein serie på to sider om haiarten håkjerring.

FredenFreden

Freden av Oliver Levang er ei 16 sider lang forteljing om ein konflikt mellom to grupperingar. Litt etter litt vert konflikten meir alvorleg.

FutenFuten

Futen av Øystein Runde og Knut André Solberg handlar om skattefuten Mikael Braut. Her på sida får du ei juleforteljing på fire sider.

GaupematGaupemat

Gaupemat av Kristoffer Lindseth er ein teikneserie på seks sider. Serien handlar om ein viking som kjempar mot ei gaupe.

HannaHanna

Hanna av Håkon Aasnes er ein serie for dei yngste. Serien går fast i Norsk Barneblad. Her på sida får du to sider av serien.

HavetHavet

Havet av Øystein Ottesen er ein lågmælt serie om havet, livet og kjærleiken. Her på vevsida finn du fire sider av serien.

Ingeniør Knut BergIngeniør Knut Berg

Ingeniør Knut Berg av Knut Westad, Jon Bing og Tor Åge Bringsværd er ein science fiction-serie. Her på sida finn du eit utdrag på tre sider.

IsfiskeIsfiske

Isfiske av Katarina Aasgaard Strømsvåg er ein to sider lang teikneserie om born som er med i ein isfiskekonkurranse.

JaktJakt

Jakt av Jorunn Hanto-Haugse er ein tre sider lang teikneserie om ein kvit huskatt som byrjar jakta på ein fugl.

JegerenJegeren

Jegeren av Regine Toften Holst er ein ti sider lang teikneserie, laga med inspirasjon frå bileta til Theodor Kittelsen.

JojoJojo

Jojo av Ida Eva Neverdahl handlar om ein gut med eit magisk liv. I denne tosidaren møter han ein suspekt fugleseljar i ei mørk bakgate.

Kongen i havetKongen i havet

Kongen i havet av Katarina Aasgaard Strømsvåg er ein tre sider lang teikneserie om ein fiskar som får eit dramatisk møte med kongen i havet.

Paradis.noKrig: Paradis.no – attvitja

Krig av Les Inkwell er ein teikneserie om fridom og sanning. Her på sida får du den seks sider lange forteljinga «Paradis.no – attvitja».

Kva du kan gjereKva du kan gjere …

Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di av Øystein Runde er ein teikneserie om å teikna teikneseriar.

Kveldssong for deg og megKveldssong for deg og meg

Kveldssong for deg og meg av Tore Strand Olsen er ein teikneserieversjon av Ragnar Hovland-diktet med same namn («Grisen står og hyler»).

Litle Nemo i SlumrelandLitle Nemo i Slumreland

Litle Nemo i Slumreland av Winsor McCay er ein klassisk teikneserie om opplevingane Nemo har i draumeverda. Her på vevsida finn du ei side av serien.

MinstMinst

Minst av Øystein Ottesen er ein søt stripeserie om ein gut med ein gullfisk. Her på vevsida finn du fire striper av serien.

Nemi: Eg er sorg og gledeNemi: Eg er sorg og glede

Nemi av Lise Myhre er til vanleg på bokmål, men her på sida får du den nynorske tosidaren «Eg er sorg og glede», basert på eit dikt av Tor Jonsson.

Nokon heiter jobbenNokon heiter jobben

Nokon heiter jobben av Jorunn Hanto-Haugse er ei teikneserietolking av Solfrid Sivertsen-diktet med same namn.

Nynorsk på 1-2-3Nynorsk på 1-2-3

Nynorsk på 1-2-3 av Kristoffer S. Mathisen, Ingrid Slettevoll og Arild Torvund Olsen er eit nynorskkurs i teikneserieform.

Pepar og GulrotPepar & Gulrot

Pepar & Gulrot av David Revoy er ein nettserie om den unge heksa Pepar og katten hennar, Gulrot. Her på sida finn du to striper av serien.

Privatdetektiv Torgh HammarhakkPrivatdetektiv Torgh ...

Privatdetektiv Torgh Hammarhakk av Åge Hovland Peterson er ei tre sider lang detektivforteljing frå viktingtida.

På klodenPå kloden

På kloden av Ola A. Hegdal er ein stripeserie om ein far og ein son som sit på ein liten klode ute i universet. Her på vevsida finn du tre striper av serien.

Raff og BrageRaff og Brage

Raff og Brage av Øystein Ottesen er ein stripeserie om to norske lundefuglar. Her på sida finn du fem striper av serien.

RevelandReveland

Reveland av Jorunn Hanto-Haugse er ein humoristisk avisserie i stripeformat. Her på vevsida finn du atten striper av serien.

SkammekrokenSkammekroken

Skammekroken av Jens K. Styve er ein halvdokumentarisk teikneserie. Her på vevsida finn du to sider av serien.

SkulenSkulen

Skulen av Jorunn Hanto-Haugse er ein serie om elevane og lærarane på ein skule. Her på vevsida finn du to sider av serien.

SkumringSkumring

Skumring av Are Edvardsen er ein teikneserie på seks sider. Serien hentar inspirasjon frå vikingtida og norske segner.

SmørbukkSmørbukk

Smørbukk er ein av dei mest tradisjonsrike norske teikneseriane. Her på sida får du tre små forteljingar: ei frå 1938, og to av nyare dato.

SmåbruketSmåbruket

Småbruket av Jan-Rune Bjørnson og Anders Kvåle Rue er ein serie om byguten som tek over småbruket til svigerfaren. Her på vevsida finn du sju striper av serien.

Soga om Olav SleggjaSoga om Olav Sleggja

Soga om Olav Sleggja av Øystein Runde er ein teikneserie frå vikingtida. Her på sida får du forteljinga «Song til ein orm», basert på eit dikt av Tor Jonsson.

SuperheltarSuperheltar

Superheltar av Kristoffer Lindseth er ein superheltteikneserie på to sider. Serien handlar om ein gut, ei jente og ein superhelt.

TommelfingerreglarTommelfingerreglar

Tommelfingerreglar av Øystein Runde er ein teikneserie der Øystein, Tiberius Tommelfinger og ein søt kanin lærer deg om verkemiddel og teikning av seriar.

Ulvane frå havetUlvane frå havet

Ulvane frå havet. Eller: Lenger aust enn Estland av Stig Bruksås er ein teikneserie der vikingar møter japansk og amerikansk populærkultur.

3 rips3 rips

3 rips av Nataliya Kochergova handlar om dei tre jentene Lydia, Natasha og Sonya. Her på sida finn du fem sider av serien.

4. klasse4. klasse

4. klasse av Jens K. Styve er ein teikneserie om barndomsminne frå skulekvardagen. Her på sida finn du ei side av serien.

Teikneserietips

nynorskbok.no finn du tips om nye hefte og bøker med nynorske teikneseriar.

Teikneseriehefte

Bobler frå djupet

Sanning og draum

Teikneseriespesial

 

Pepar & Gulrot

Pepar & Gulrot av David Revoy

Pepar & Gulrot av David Revoy er ein nettserie om ei ung heks og katten hennar. Serien finst på fleire språk, inkludert nynorsk.

Plastikkbarna

Plastikkbarna av Fredrik Rysjedal

Plastikkbarna av Fredrik Rysjedal er ein teikneserie om plast, natur og venskap.

Den digitale bokhylla

Teikneseriar på nynorsk i den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket:

Annika – den nifse nattaHåkon Aasnes:
Annika – den nifse natta

 

Finnfinnfinn 1Jens K. Styve:
Finnfinnfinn 1

 

Finnfinnfinn 2Jens K. Styve:
Finnfinnfinn 2

 

Finnfinnfinn 3Jens K. Styve:
Finnfinnfinn 3

 

Gjest BaardsenJostein Mykletun og Håkon Aasnes:
Gjest Baardsen

 

Hans UreddOrla Klausen:
Hans Uredd

 

Ivar Aasen – ei historie om kjærleikErna Osland og Arild Midthun:
Ivar Aasen – ei historie om kjærleik

 

Maus – historia til ein overlevandeArt Spiegelman:
Maus – historia til ein overlevande

 
 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret