Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Frå skrift til teikneserie

Ulike litterære tekstar kan vere fine å ta utgangspunkt i for å lage ein teikneserie. Her finn dokker framlegg til nokre tekstar vi trur kan høve til dette arbeidet, og nokre spørsmål ein kan stille når ein tar til med eit slikt arbeid.

Av Reidun Kydland

Omfang

Det er ein god idé å tenke at ein ikkje skal lage ein teikneserie som strekker seg over meir enn ei side, når ein lagar teikneserie for første gong. Sida kan t.d. bestå av fire til åtte ruter som kan variere i storleik.

Spørsmål det kan vere lurt å tenke gjennom

Før elevane skal lage eigne seriar, kan det vere lurt å gå gjennom nokre av råda og verkemidla som er samla under fana «Lær å laga teikneseriar». I tillegg bør dei tenke gjennom desse spørsmåla:

  1. Kva er vesentlege hendingar i teksten som må med? Ikkje plukk ut for mange.
  2. Korleis klarer du å fortelje slik at bileta fortel omtrent den same historia som teksten fortel?
  3. Kva teknikk vil du bruke når du fortel?
  4. Korleis får du ein god samanheng i forteljinga mellom dei ulike rutene?
  5. Kva er det i teksten du ikkje får fortalt?
  6. Korleis trur du hovudpersonen (-ane) ser ut? Korleis kan du sikre deg at vi kjenner igjen personane frå den eine ruta til den andre?
  7. Kva er det i teksten du kan bruke som utgangspunkt for replikkar i teikneserien?
  8. Nokre litterære tekstar har ei tydeleg forteljarrøyst. Korleis kan du få fram dette i ein teikneserie?
  9. Tenk på kva element i biletet som skal vere i forgrunnen og i bakgrunnen.
  10. Biletutsnitta bør varierast frå nærbilete til totalbilete. Kva passar best til å bli fortalt med nærbilete, og kva fungerer best med totalbilete? Korleis blir det om du bruker fugle- eller froskeperspektiv?
  11. Korleis kan du bruke ulike fargar for å understreke eit innhald?
  12. Korleis kan du formidle kjensler i ein teikneserie?

Moglege utgangspunkt for ein teikneserie

Det er ikkje berre skjønnlitteratur som eignar seg som utgangspunkt for ein teikneserie. Instruksjonar eller bruksrettleiingar kan formidlast i teikneserieform. Du kan også lage teikneserie med utgangspunkt i ei nyhendesak.

Teknikk

Du kan bruke ulike teknikkar når du lagar teikneseriar:

Dersom du arbeider på papir, kan det vere lurt å teikne på A3-ark og deretter kopiere ned det ferdige resultatet til A4-format.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.