Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Språksamtalar om boblene

Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. I dette opplegget syner vi korleis teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth kan vere utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.

Av Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

For å planlegge og førebu deg på å ha ein språksamtale i klasserommet les du teikneserien åleine først. Tenk over kva ord i teikneserien som er aktuelle å samtale om dersom du vil samanlikne bokmål og nynorsk.

Dette er døme på typiske nynorske ord i teikneserien:

Arbeid i klasserommet

Ta med teikneserien til klasserommet. Læraren les teksten høgt for elevane første gongen, medan dei følgjer med i teikneserien.

Elevane går saman i par der dei les teikneserien, snakkar saman om kva ord dei trur er nynorske ord, og noterer dei orda dei legg merke til.

Etterpå skriv læraren på tavla dei orda som dukkar opp.

Samtal i klasserommet om kva ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.

Teikneserien

Gå til serien SuperheltarTeikneserien Superheltar.

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.