Teikneseriar

Framsida | Nynorske teikneseriar | Lær å laga teikneseriar | Opplegg og lærarressursar | Om vevstaden

Tekst i bobler

Undervisningsopplegg i nynorsk sidemål der tekstskaping vert kombinert med samansette tekstar. Elevane får ulike teikneseriar der teksten i originalboblene er retusjert bort. Oppgåva til elevane er å laga ei meiningsfull forteljing ved å skriva inn ny tekst på nynorsk.

Lærar: Kristin Paulsen
7. trinn
Aremark skole

Bruk av serien Pepar & Gulrot

I filmen tek dei mellom anna utgangspunkt i serien Smørbukk. Eit anna alternativ er serien Pepar & Gulrot. Då kan du til dømes la elevane gje ny tekst til boblene på dei to fyrste sidene av episoden «Pysjamasfesten» og sjå korleis det kan endra korleis dei tolkar bileta. Elevane kan velja å forsterka fantasy-preget, ta serien i humoristisk retning, gjera serien meir metaforisk (som at han eigenleg handlar om uynskte fylgjarar i sosiale medium), gjera serien skumlare eller noko heilt anna. Bruk gjerne dei elevproduserte sidene som utgangspunkt for å snakka meir i klasserommet om korleis elevane opplever at skrift og bilete påverkar kvarandre.

Tomme snakkebobler

Last ned Smørbukk med tomme snakkebobler (PDF)

Last ned Pepar & Gulrot med tomme snakkebobler (PDF)

 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.